VN-tips er ein tippekonkurranse der du gjennom sesongen tippar på kampresultat i hovudsak i lokale kamper. Det er gratis å delta i VN-tips. Førebels er ikkje sms-varslinga oppe og går, så all komunikasjon vil difor skje via e-post.
Det vert i alt spela 17 rundar i 2009. Dine 14 beste rundar vil bli teljande. Dei tre dårlegaste rundane vert trekt frå. Det tyder at du kan gå glipp av tre rundar utan at det treng å vere full krise.
Kampane vert spela i tidsrommet fredag-måndag. Kampar som ikkje vert spela i løpet av dette tidspunktet vil bli stroke frå kupongen, med mindre det er spesielt gjort merksam på at kampane vert spela utanfor denne perioden.
Tidsfristen for levering står på kupong-sida. All tipping føregår via Vestnytt sine nettsider, men kupongen det kan tippast på vil også bli presentert i papiravisa nokre dagar før fristen går ut.
Kvar person har berre lov til å registrere seg ein gong, og ein har ikkje lov til å tippe for andre enn seg sjølv.
Den som har flest rette til slutt er vinnar.
Hvis det står likt, vil den tipparen med høgast poengsum vinne.
Det vert kåra ein rundevinnar i kvar omgang.
Vestnytt kan gjere rettingar undervegs om det oppstår feil. Vestnytt har rett til å endre regelverket om uforutsette problemstillingar dukkar opp.
Poeng:
I år vil systemet automatisk vurdere dine poeng – det vil seie kor bra gjennomsnitt du har. Poenga vert rekna ut slik:
For kvar runde gir:
Ikkje innlevert = 0 poeng
<= 5 rette = 25 poeng
6 rette = 40 poeng
7 rette = 50 poeng
8 rette = 60 poeng
9 rette = 70 poeng
10 rette = 80 poeng
11 rette = 90 poeng
12 rette = 100 poeng
Total poengsum (på innleverte runde-kupongar minus stryk-rundane) blir summert og delt på antall innleverte kuponger (minus stryk-rundane), altså snittet.
Stryk-rundene er dei med minst poeng.
Rundane som vert stroke blir teke utover i sesongen. Etter halvspela sesong blir ein runde stroke. Utover mot slutten av sesongen blir dei andre rundane stroke, inntil at alle strykrundane blir lagt inn heilt til slutt. Dette skjer automatisk.
Premiering: