Kvar veke vert det kåra ein rundevinnar som får ei T-skjorte med Frode Øverlis Pondus som motiv. Reglane i VN-tips finn du alt om under menyen «Om VN-tips».
Tidlegare var det slik at dersom to eller fleire tipparar hadde like mange rette, ville den med flest 12'arar vinne. Var det likt der, gikk sigeren til den med flest 11'arar osv. Dette vert no handtert via karaktersystemet. Korleis det fungerer ser du også i «Om VN-tips».
Du kan også oppretta tippelag. Dette er ein konkurranse vi håpar vil «ta av». Her vil bedrifter, idrettslag eller kameratgjengar kunne slå seg saman og konkurrere mot kvarandre. Kva seniorlag i fotball veit mest om fotball her ute? Og er det oljenæringa eller handelsstanden som er flinkast til å tippe? Gå til «Tippelag» for å lese korleis de opprettar eit slikt tippelag.
Ver merksam på at sms-varslinga førebels ikkje fungerer.
| Kamp | H | U | B | |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Sandnes Ulf – Nest-Sotra (2. div. menn, avd. 3) | 92,9 | 1,8 | 5,4 |
| 2 | Hald – Austevoll (3. div. menn, avd. 14) | 17,9 | 5,4 | 76,8 |
| 3 | Sotra SK – Ny-Krohnborg (4. div. menn, avd. 1) | 80,4 | 8,9 | 10,7 |
| 4 | Telavåg – Radøy/Manger (4. div. menn, avd. 2) | 83,9 | 10,7 | 5,4 |
| 5 | Nordre Fjell – Skjergard (5. div. menn, avd. 1) | 55,4 | 12,5 | 32,1 |
| 6 | Baune 2 – Nest-Sotra 2 (5. div. menn, avd. 1) | 73,2 | 5,4 | 21,4 |
| 7 | Sotra SK 2 – Olsvik (6. div. menn, avd. 2) | 26,8 | 12,5 | 60,7 |
| 8 | Skogsvåg – Mann SK (6. div. menn, avd. 2) | 89,3 | 5,4 | 5,4 |
| 9 | Ask Fotball – Fjell FK (7. div. menn, avd. 5) | 91,1 | 3,6 | 5,4 |
| 10 | Rong – Kjøkkelvik 2 (7. div. menn, avd. 5) | 30,4 | 1,8 | 67,9 |
| 11 | Hordabø – Hald (3. div. damer) | 82,1 | 3,6 | 14,3 |
| 12 | Sotra SK – Djerv (3. div. damer) | 71,4 | 8,9 | 19,6 |